Brøytebil i grøfta i Nordfjord

DEL

Klokka 0738 tysdag morgon fekk politiet inn melding om at ein lastebil hadde hamna i grøfta på fv. 618, Seljevegen i Nordfjord.

Vest politidistrikt melder årsaka til hendinga er ukjend. Og at bilen sår på skrå inn mot ein fjellvegg. Det skal ikkje vere personar ved bilen.

Like etter 08.30 melder politiet at det ikkje er snakk om ein lastebil, men ein brøytebil som har køyrt i grøfta.

– Førar er kjent, men så langt ikkje kontakta. Bekrefta id gjennom entreprenør. Uskadd. Politiet vil ta kontakt med vedkommande etter kvart, tvitrar politiet.

Anna trafikk kan passere på vegen, meldast det.

Artikkeltags