Gå til sidens hovedinnhold

Brøytebil havarerte på Strynefjellet

Like etter klokka 05 fredag morgon melder Statens vegvesen at ein brøytebil har havarert på riksveg 15 på Strynefjellet.

Brøytebilen skal ha havarert rett utanfor tunnelopninga av Oppljostunnelen på austsida.

Bilen skal ha blokkert eit køyrefelt, men trafikken kunne passere i det andre.

– Vi har ikkje noko meir informasjon om det. Bilen må ha blitt henta eller klart å kome seg vidare sjølv, seier trafikkoperatør i Vegvesenet, Brynjar Robertson til Firda.

Vidare fortel han at dei har fått melding om glatt vegbane på riksveg 15 i morgontimane fredag.

Les også

Ventar storm på laurdag: – Kanskje ikkje kjekt for ungar å gå rundt og spørje om godteri

Kommentarer til denne saken