Eivind Antonisen, teknisk vakt i Fjaler, fortel at dei har oppdaga eit brot i ei sideleidning måndag føremiddag.
– Vatn kjem opp ved Steia i Dale. Ein gravemaskin er på veg no, for å grave seg ned slik at vi finn kor sjølve brotet i leidningen er, seier han.
Kring 20 husstandar er utan vatn som ein konsekvens av problemet.
– Dei kan bli utan vatn ut dagen, seier Antonisen.
Førebels veit dei ikkje kva årsaka er. Utover dagen vil dei jobbe med å finne, og utbetre brotet i leidninga.

Les også
Kiwi om Førde-comebacket: – Vi merkar priskrigen

Les også