Brot i meklinga i lønnsoppgjeret – no kan det bli storstreik

Lønnsoppgjeret i vår vart utsett grunna koronakrisa. Den gjeldande avtalen vart difor vidareført til 21. august. Søndag braut forhandlingane saman.

DEL

Det skriv VG.

Informasjonssjef Andre Nerheim i Fellesforbundet stadfestar overfor avisa at det er brot i meklinga i årets hovudoppgjer mellom Fellesforbundet og Norsk Industri.

– Lister over kven som vil bli tatt ut i streik er sendt til riksmeklaren, seier han.

Oppgjeret går no over i tvungen mekling i fire dagar, med fare for streik frå fredag. Parat melde også meklinga for avslutta.

I forkant varsla NHO at dei ikkje ville gje noko lønnstillegg under forhandlingane. Dei har også avvist auke i minstelønnssatsane.

I Sogn og Fjordane kan desse bedriftene bli råka av streik:

  • HMR Hydeq AS i Årdal, 55 personar

  • Klausen Industrier i Svelgen, fire personar

  • GRS Riflestocks AS i Hornindal, åtte personar

  • Nomek AS i Stryn, 12 personar

  • Innvik AS i Innvik, 20 personar

  • Caverion Norge AS avd Sogn og Sunnfjord i Førde, to personar

  • Brødrene AA AS i Hyen, 53 personar

  • Luster Mekaniske Industri AS i Gaupne, 40 personar

  • Euroskilt AS Avd Vik i Sogn, fem personar

  • Vik Ørsta AS Avd Vik i Sogn, 39 personar

  • Walcon Maritime AS i Florø, tre personar

  • West Industri Service AS i Florø, fire personar

  • Westcon Yard Florø AS, 33 personar

  • Solund Verft AS på Hardbakke, 14 personar

  • Brødrene AA AS i Eikefjord, 12 personar

  • New Havyard Ship Technology AS i Leirvik, 41 personar

  • Helle fabrikker i Holmedal, 14 personar

  • Bilfinger Industrial Services Norway AS Avd Høyanger, 28 personar

  • SafeClean AS avd Høyanger, 13 personar

Totalt omfattar streikeuttaket 27.000 arbeidarar. Sjå listene:


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken