Hayvard Ship Technology sitt verft i Leirvik skal ha gått på to nye tap for prototype-prosjekt, skriv selskapet i ei børsmelding ifølge Sysla.
Sævik taper framleis mange millionar i Leirvik
Selskapet melde tidlegare i vår om større tap på prototype-prosjekta i Lervik, og opplyste i juli at det blei gjort endringar i lånevilkår. I dei nye låneavtalane skulle selskapet levere minimum 350 millionar kroner i eigenkapital og 75 millionar kroner i arbeidskapital frå oktober.
Årsaka til dei nye tapa skal ifølge Sysla og verftsgruppa vere auka timeforbruk etter forseinkingar i ferdigstilling av dei nye skipa. Nye planlagde leveringstider er sett til november og desember i år.
Selskapet vil frå fjerde kvartal vere i brot med lånevilkår om krav til eigenkapital og arbeidskapital, og levere eit svakare resultat enn forventa i tredje kvartal.
Hayvard skal vere i dialog med lånegivarane for å minimere effekten av brota på lånevilkår.

Minus 204 millionar i fjor. Enda verre enn før meldt i Havyard