Bringeland og Anda opnar 1. juni

Av

Dei ni kortbaneflyplassane som vart stengde 18. mars, blir opna att 1. juni.

DEL

– Som del av ei gradvis gjenopning av samfunnet som regjeringa har sett i gang, ønskjer Avinor å bidra til ein god infrastruktur i heile landet. Med gjenopning legg vi til rette for eit godt tilbod til alle som treng lufttransport i desse områda, seier konsernsjef Dag Falk-Petersen i Avinor i ei pressemelding.

Flyplassane på Stokmarknes, i Svolvær, Mo i Rana, Mosjøen, Vardø, Berlevåg, Sørkjosen, Førde og Sandane vart stengde for kommersiell rutetrafikk 18. mars.

Artikkeltags