Gå til sidens hovedinnhold

Brenn framleis i Stryn – stenger vegen

Klokka 07:53 melde Vegtrafikksentralen Vest på Twitter at fylkesveg 60 mellom Loen og Stryn vil vere stengt i periodar, frå klokka ni og utover dagen.

Grunnen er ein skogbrann som starta i går ettermiddag.

Vegen blir stengt for å sende ut brannhelikopter som skal drive med sløkkingsarbeid, og det er venta at vegen kan bli stengt i opp mot ein time av gongen. Dei melder òg at vegen vil bli opna kvar heile klokketime.

Les også

Ny terrengbrann i Stryn – brannhelikopter har starta sløkking

Kommentarer til denne saken