Gå til sidens hovedinnhold

Bremangermann blei millionær på lukketala sine

Han var einaste nordmann med seks rette i onsdagens trekning.

[Firdaposten]: Årets andre Vikinglotto-trekning er gjennomført, og ein heldig mann frå Bremanger kan no kalle seg Vikinglotto-millionær. Saman med ein utanlandsk spelar hadde han seks rette og delar andrepremiepotten på ca. 2,2 millioner kroner.

Ingen spelarar hadde 6+1 rette, og førstepremiepotten aukar dermed til ca. 75 millionar kroner.

Premiesummen til bremangermannen er på nøyaktig 1.169.810 kroner.

Norsk Tipping var i kontakt med vinnaren etter tv-sendinga.

– Er det sant? Eg har hatt ein hektisk dag og kom nesten nettopp inn døra. No ser eg på Farmen saman med kjærasten min, og har heilt gløymt at det har vore Vikinglotto-trekning, fortalde ein overraska vinnar.

Men premiesummen på over 1,1 million kroner kunne bekreftast, til stor jubel frå både vinnaren sjølv og kjærasten.

– No steig pulsen min betrakteleg. Dette var litt av ei overrasking å få ein onsdagskveld!

Den nybakte Vikinglotto-millionæren fortel at han har spelt Vikinglotto i fleire år, og alltid leverer ein lukkekupong.

– Eg har hatt same kupong i fleire år. Den er samansett av datoar som har ei spesiell tyding for meg, pluss nokre tilfeldige tal.

Mannen seier han no skal sette seg ned og tenke over kva som har skjedd.

– Dette må feirast. Eg er spent på nattesøvnen, avsluttar ein blid vinnar.

Vekas Vikinglotto-tal var 3 - 14 - 35 - 44 - 45 - 47, med vikingtalet 6.

Kommentarer til denne saken