Etterlyser Norges verste veg

SER EI OPNING: - Tittelen som Norges verste veg er ledig, påpeikar Helge Robert Midtbø

SER EI OPNING: - Tittelen som Norges verste veg er ledig, påpeikar Helge Robert Midtbø Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: No som Olden - Innvik er ferdig, står ein posisjon ledig, påpeikar Helge Robert Midtbø. Han har ein kandidat.

DEL

– Statusen som «Norges verste veg» er ledig. Vil tru at delar av FV57 Dale-Storehaug er kvalifisert? Dokke får vurdere ein søknad Gunhild Berge StangMathias Råheim og Olve Grotle, skreiv helge Robert Midtbø på Facebook fredag.

– Ja, fylkesveg 57 må no komme høgt opp på ei slik liste? Der er jo fleire parti der som er ganske elendige, seier Midtbø, som lattermildt minnest ei eiga erfaring frå den vegen:

Sveitteperler i panna

– Eg kom inn i tunnelen i Svesundet med bubil, og så møtte eg ein trailer. Det var forferdeleg trongt, men vi greidde no å passere kvarandre til slutt. Eg var jo heller urøynd som førar av såpass store køyretøy, så eg hadde sveitteperler i panna, det skal eg innrømme.

Han har og ein annan kandidat til tittelen Norges verste veg:

– Og det er i min eigen heimkommune, Bremanger. Strekninga frå ferjeleiet på Oldeide til Kalvåg er ikkje mykje å skryte av. Først har du svingane opp fjellsida, så kjem du til ein tunnel som ser ut som den er hogd ut akkurat slik at det skal kunne gå an å tre ein Firda billag-buss gjennom den, og så kjem dei smale svingane ned til Klungreset, og slik fortset det, meir eller mindre, heilt til Kalvåg.

Skumlast i Saltkjelen

Men ingen ting kan måle seg med fv. 57, meiner Gaular-ordførar Mathias Råheim:

– Du har no fleire passasjar der som er både skumle og farlege. Svingane på Haugsbø er ei utfordring, utover på Fjalersida har du no og fleire passasjar, men det aller skumlaste er jo Saltkjelen, mellom Vikja og Osen i Bygstad. Der har du både smal og svingete veg, du må rygge lange vegar om du møter nokon, og i tillegg har du rasfare og på denne årstid svære isjuklar som heng over hovudet på deg. Eg trur ikkje det er mange passasjer i kongeriket som kan konkurrere med den, seier Råheim.

STERK KANDIDAT: - Trang og svingete, lang rygging, rasfare og isjuklar. Saltkjelen slår det meste, meiner Mathias Råheim.

STERK KANDIDAT: - Trang og svingete, lang rygging, rasfare og isjuklar. Saltkjelen slår det meste, meiner Mathias Råheim. Foto:

– Jau, Saltkjelen er ein god kandidat, medgjev Helge Robert Midtbø:

– Men det er vel dessverre slik at her i fylket finst det mange gode kandidatar. Kanskje kunne vi kopiert opp skiltet i mange eksemplar? Det finst mange stader å sette det, seier Midtbø.

Artikkeltags