To personar i trafikkulukke i Bremanger

Ein bil køyrde ein mur på Ytre Hauge laurdag føremiddag.

DEL

Vest politidistrikt melde frå om ulukka klokka 10.17. Det var to personar var i bilen og desse skal ha kome seg ut av køyretøyet på eigahand.

– Ulykka skal ha skjedd 400 meter frå brannstasjonen på fv. 616, oppyste operasjonsleiar Terje Magnussen.

– Det er ein del materielle skadar på bilen. Det er nyleg lagt asfalt på vegen og det er veldig glatt der, fortel Magnussen.

Klokka 11:35 opplysete operasjonsleiar Magnussen at bilen er henta av bilbergar. Alle naudetatane rykte ut til ulykka, og ein person blei undersøkt av helse.

– Føraren av bilen er ei kvinne i slutten av tenåra, passasjeren veit eg ikkje alder på. Bilen har krasja i ein mur, og det er store materielle skadar, blant anna ein rosett-form i frontruta.

Magnussen fortel at det indikerer at ein av passasjerane har dunka hovudet i frontruta i kollisjonen. Begge skal vere bevisst.

Vegen er no open for all trafikk.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags