Tre menn prøvde å stele båt og fiskeutstyr - tatt av politiet

Artikkelen er over 2 år gammel

BREMANGER: Blei henta inn av politiet på sjøen.

DEL

Tre menn er arresterte etter å ha stole fiskeutstyr og kartplottar, i tillegg til å prøve å stele ein båt utanfor kysten ved Bremanger. Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt onsdag morgon.

Mennene blei tatt av politiet på sjøen, og transportert til Florø. Politiet mistenker båtføraren for å køyre i rusa tilstand.

Politiet melder også at dei har tatt inn ein rusa, lettkledd mann til arrest i Florø. Mannen skal ha vore til bry ved at han banka på ei dør.

Artikkeltags