Hovudredningssentralen i Sør-Norge fekk Mayday-signal klokka 0031 natt til fredag.

Alle om bord i gummibåt

– Båten hadde gått på grunn, og situasjonen verka så dramatisk at vi varsla Sea Kingen som er stasjonert i Florø. Også Florø radio vart varsla og ein brønnbåt i nærleiken melde seg. Etter kvart vart to av dei som var i båten sittande i ein gummibåt medan den 3. sat på ripa på seglbåten medan den var på veg ned. Etter kvart bestemte vi oss for at alle burde om bord i gummibåten, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Andreas Bull.

Redningshelikopteret var framme ved båten etter åtte-ni minutt, men då var brønnbåten så nær at det vart bestemt at dei tre vart plukka opp på båten. Denne båten frakta dei inn til Bremanger der dei vart henta av redningsskøyta og frakta til Måløy der dei overnatta på hotell, ifølge Bull.

– God kontroll

– Vi veit ikkje grunnen til at dei gjekk på grunn, men dei som var om bord hadde roa når situasjonen var oppstått. Det var roleg ver i området, og redningsressursane var på plass såpass kjapt at alle hadde god kontroll, seier Andreas Bull.

Dei tre var heimehøyrande i Bergen-området, og var på veg til Bergen då båten gjekk på grunn, og seglbåten sokk kort tid etter dei tre vart plukka opp.