Kjøpte opp konkursbu etter maskinentreprenør

KJØPT OPP: Det let seg ikkje gjere å berge drifta i Maskin En3prenør1 i Svelgen tidlegare i år, og måndag vart konkursbuet kjøpt opp av Alex Vassbotten (innfelt). Bildet syner tidlegare dagleg leiar Runar Rise Hallset, sjåfør Ingfred Nygård og dagleg leiar Jan Ivar Napsholm.

KJØPT OPP: Det let seg ikkje gjere å berge drifta i Maskin En3prenør1 i Svelgen tidlegare i år, og måndag vart konkursbuet kjøpt opp av Alex Vassbotten (innfelt). Bildet syner tidlegare dagleg leiar Runar Rise Hallset, sjåfør Ingfred Nygård og dagleg leiar Jan Ivar Napsholm. Foto:

SVELGEN/ASKVOLL: Maskinen3prenør1 slo seg konkurs i månadsskiftet jni/juli i år. No har Alex Vassbotten og Steinvik Gruppen kjøpt opp konkursbuet.

DEL

Oppkjøpet vart gjort måndag 3. september. Konkursbuet inkluderer maskiner, bygg og eigedom i Meisebakken 1, 6723 Svelgen.

Ifølgje Vassbotten og Steinvik Gruppen er området i Breivika eit satsingsområde i Bremanger kommune, og på bakgrunn av dette har dei behov for industriareal og bygningsmasse til rigg, drift, lager og kontorareal til eigen produskjon og byggeaktiviteti området, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Meisebakken 1 ligg 200 meter frå området i Breivika der Steinvik Gruppen har produksjonslokale per dags dato, og skal starte på første byggetrinn vinteren 2018/19.

Steinvik Gruppen meiner med det at oppkjøpet vil gjere dei betre rusta til å utvide og utvikle si satsing i Breivika.

Maskin En3prenør1 greidde ikkje kneika 

Artikkeltags