Fann makrellstørje inne i laksemerden

Av

BREMANGER: Hos K. Strømmen Lakseoppdrett har ei makrellstørje «gjort innbrot», men i løpet av ei veke ser den ikkje ut til å ha ete laks.

DEL

Då dei endeleg fekk den ut av nota etter ei veke, hadde den ikkje noko mageinnhald, skriv Firdaposten, etter at hendinga vart omtala av Fiskeridirektoratet. Det kan ha samanheng med skaden den hadde etter å ha rive eit stort hol i nota. Lakseoppdrettarane har observert makrellstørja via kamera dei har inne i merden for å følge med på fôringa.

På K. Strømmen Lakseoppdrett AS sitt anlegg «Marøy NØ» i Bremanger melde om holet i ei not den 27. september.

– Då vi var på tilsyn 1. oktober fekk vi vite at det var observert ein stor hai-liknande fisk i nota, seier Leni Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet Region Vest.

Dei var ute for og sjå på anlegget og kartlegge årsaker til holet, men det var ingen tvil når den svære makrellstørja på 2,7 meter og 275 kg kom symjande opp i nota. Skaden i nota var på tolv meters djupn, og var ein meter høgt og tolv centimeter breidt.

– Vi er uroa for utviklinga. Vi veit vi lite om kvifor makrellstørja plutseleg går til åtak, går tvers igjennom notveggen og inn i oppdrettsanlegget, seier Lisæter på direktoratet sin eigen nettstad.

Også i Melaks sitt anlegg i Austevoll har det kome inn ei størje på kring tre meters lengde.

No er næringa redde for at ein kan ha fått ei ny utfordring, sidan makrellstørjebestanden er aukande. Den relativt varmekjære arten breier seg ut nordover i Atlanteren og kan bli eit seriøst problem for dei mange sjøanlegga langs kysten heilt nord til Finnmark.

Hos K. Strømmen hadde dei not forsterka med ståltråd og størja hadde fått tydeleg skader i snutepartiet.

Makrellstørja kan symje med ein fart på 70 km/t og har eit hovud som er dekka med harde skjell som gjer at den lett kan gå gjennom ei not med ein brotstyrke på rundt 95 kg.

Artikkeltags