Kjempemanet skylte på land

SVÆR: Det vart ikkje teken mål av maneten, men skoa på bildet er størrelse 45.

SVÆR: Det vart ikkje teken mål av maneten, men skoa på bildet er størrelse 45. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

BREMANGER: Anne Karin Svarstad fann ein over snittet stor manet på Hogssanden i Bremanger.

DEL

– Så stor brennmanet har eg aldri sett før, fortel Svarstad til Firdaposten.

Då ho var på veg til naustet sitt såg ho kjempemaneta som hadde drive i land. Ho tok ikkje mål av maneta, men Svarstad seier at skoa på bildet er størrelse 45.

– Eg tok med skostørrelsen for at folk skal skjønne kor stor den er, seier Svarstad.

– Kva tenker du om å bade i sommar etter at du har sett ein slik manet?

– Den ligg no på land no, og det er no klart og fint i sjøen her, så vi får berre sjå oss om. Førebels freistar det jo ikkje å bade uansett på grunn av dei temperaturane som vi har, seier Svarstad.

– Dette er høgst sannsynleg ein vanleg brennmanet, men den er uvanleg stor, seier Jan Helge Fosså ved Havforskingsinstituttet.

– Vi har fått mange bilde oppigjennom åra frå folk, men eg har aldri sett ein så stor brennmanet før, seier havforskaren som har jobba på instituttet i 20 år.

Han legg til at brennmaneta kan bli over to meter i diameter med brenntrådar som er 10–20 meter lange.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken