Naudetatar er på veg til Vevring etter ei melding om at ein bråtebrann har komme noko ut av kontroll.
Eigaren skal vere på staden.
Politiet melder på Twitter klokka 20:11 at det dreier seg om eit område på om ca. 100 meter i breidde. Det er om lag 200 til 300 meter til nærmaste hus.
Klokka 21.50 kan Alarmsentralen melde at brannen framleis ikkje er sløkkt, men at dei har alt tilgjengeleg mannskap på staden for å fukte området slik at ein unngår spreiing.
Klokka 23.10 kan Alarmsentralen opplyse til Firda at brannmannskapet har kontroll på brannen, og at dei har dynka området kring brannen slik at den ikkje kan spreie seg vidare.