Gå til sidens hovedinnhold

Brasiliansk virusmutant oppdaga i prøve frå Helse Førde

Det var Bergens Tidende som først melde om at ein mutert brasiliansk virusvariant er oppdaga i ei korona-prøve frå Helse Førde.

Dette stadfestar kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, overfor Firda fredag formiddag.

– Vi har snakka med kommunen vedkommande er heimehøyrande i, og dei meiner å ha kontroll på situasjonen, seier Ulvedal.

Han kan ikkje seie kva kommune det er snakk om, men seier det ikkje er snakk om ein pasient som er innlagt hos Helse Førde.

Firda kjem tilbake med meir.

Kommentarer til denne saken