Onsdag føremiddag klokka 11.28 vart det meldt om røyk frå ein personbil utanfor Pyramiden senter i Gaupne i Sogn.

Det var ikkje observert flammar då meldinga kom til brannvesenet.

To personar skal ha vore i bilen, men dei er ute og det er ikkje meldt om personskader, ifølgje politiet.

Brannvesenet har vore på staden og dei har skumma bilen.

Brannen skal va vore inne i bilen, og den er sløkt og under kontroll. Årsaka til brannen er ikkje kjent.