Klokka 0315 rykte brannvesenet ut til ei privat adresse i Førde etter melding om gnistar frå ein stikkontakt.

– Brannvesenet rykte ut, men det var ingen brann då dei kom til staden, seier operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Tore Andre Brakstad.

Politiet reiste ikkje på hendinga, men skal følge opp på dagtid.

– Vi skal undersøke årsaka og sjå om det er teknisk feil på det elektriske, seier operasjonsleiaren.