110-sentralen Vest melder om ein skorsteinsbrann i Brendøyvegen i Florø.

Brannvesenet i Florø har rykt ut til staden.

– Dei er framme og har begynt arbeidet med å sløkke. Sånn som det ser ut no er det ikkje røyk i bustaden, og brannvesenet har kontroll på situasjonen, seier Stian Kvam, vaktkommandør i 110-sentralen Vest.