Gå til sidens hovedinnhold

Brannvesenet køyrer ut for å kontrollere røyk i bustad i Førde

Kan vere røyknedslag frå skorstein, melder 110 Vest.

Klokka 13.56 søndag, melde 110 Vest at brannvesenet var på veg for sjekk av ein bustad i Førde, etter melding om røyk i bustaden.

Då utrykkinga vart meldt vart det omtala som mogleg røyknedslag frå ein skorstein.

Klokka 14.19 melder 110 Vest at dette stemmer, og at det ikkje er snakk om ein brann.