Klokka 16.24 melder 110 Vest at dei har fått melding om ein pipebrann i Kalvåg i Bremanger.
Brannvesenet var på plass like etter og fekk sløkt brannen som hadde oppstått.
Klokka 17.10 melder vaktkommandør Tore Fanebust i 110 Vest at brannen er sløkt og brannvesenet har returnert.