Brannutrykking til Førde sentrum

Kjente det lukta svidd i heimen- brann og politi måtte rykke ut.

DEL

Brann og politi rykte måndag morgon ut til eit hus i Førde sentrum.

– Det var eit mindre branntilløp i eit hus. Det var bebuarar heime i huset som kjende svilukt, og dei fekk sløkt det som var årsaka til brannen, seier Joachim Malterud, politioverbetjent ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Det synte seg at det var eit elektrisk anlegg som hadde fått varmegang.

– Det var potensial for at brannen kunne blitt større, seier Malterud.

Det blir gjort kriminaltekniske undersøkingar av det elektriske anlegget, truleg i løpet av dagen.

Artikkeltags