110 Vest melder laurdag like over klokka 15, om eit mindre branntilløp i eit bygg i Gaularfjellsvegen i Sunnfjord.

Brannvesenet skal vere framme på staden, og brannen er sløkt.

Det er ikkje meldt om personskade, og sentralen melder at det er mindre og ubetydelege brannskadar på bygget.

Brannvesenet driv no og ventilerer røyk frå bygget.

Vaktkommandør Helge Lund fortel at bygget er frittliggande, og at det ikkje er nærliggande bygg.

– VI fekk melding om brannen frå eit vaktselskap, etter at ein automatisk brannalarm hadde blit utløyst. Vi sende mannskap dit, men når dei kom dit så kunne dei ikkje sjå noko, seier Lund.

Han fortel at mannskapet då tok seg inn, der dei fann eit lite branntilløp. Dette fekk dei raskt sløkt.

– Det var ingen personar i bygget, seier han.