No les ein om den nye brannstasjonen som kjem på Hafstad. Eg lurer då på:

Korleis vert det med utrykking med brannbil i f.eks. tett trafikk? Slik eg ser det er gatebreidda som Førdepakken har lagt opp til eit stort hinder for utrykkingskøyretøy. Høge midtrabattar i stein og smal køyrebane. Dette må og lage problem for Politiet som ligg på nabotomta.

Eg lurer og på om det er ein skjult agenda her. Er det gjort for å tvinge fram bilbru Hafstadparken – Førdehuset?

Eller: er det atter ein gong dårleg planlegging frå kommune, vegvesen.?

Eg har prøvd å forstå korleis gatene skulle sjå ut under anleggsperioden og har stussa på utforminga som for meg såg ut til å verte smalt og vanskeleg for store køyretøy. Når ein og tek med utrykkingskøyretøy i f.eks. rushtid vert dette heilt meiningslaust for meg.

Eit dyrt prosjekt som vi som er avhengig av bil er med å betalar, utan at det løyser så veldig mykje slik eg ser det.

Les også

– Bruk Hafstad vidaregåande skule til eldresenter