Brann i einebustad i Selje

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ingen kom til skade då det onsdag kveld oppstod brann i ein einebustad i Leikanger i Selje. Brannen vart meld rundt klokka 23.30 av forbipasserande som såg flammar komme frå bustaden. Bebuarane var vekkreiste. Klokka 00.25 meldte brannvesenet at dei hadde kontroll over brannen. Vakthavande ved operasjonssentralen, Ole Tom Nord opplyser at årsaka til brannen vil bli undersøkt av krimteknikarar i morgon.

Artikkeltags