Brannvesenet rykte ut - viste seg å vere bål
Artikkelen er over 1 år gammel
FØRDE: Alt skal vere under kontroll.
Brannvesenet rykte ut til Holsen-området fredag ettermiddag, for å undersøke etter at røyk kom frå staden.
Dette viste seg å vere eit bål som ingen hadde meldt frå om, seier Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen.
– Vi har hatt brannvesen på staden, og dei fann ut at dette var eit bål. Dei konstanterte at det er under kontroll, seier han.