Gå til sidens hovedinnhold

Brann vart oppdaga i søppelbøtte – bebuarar evakuerte

Det skal no vere kontroll på brannen, opplyser politiet.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder onsdag klokka 18.29 om ei brannutrykking i Havrenesvegen i Florø.

Både politi og brannvesen rykte ut til det som var ein brann i ei søppelbøtte ved ein institusjon. Bebuarar vart evakuerte, men det skal vere kontroll på brannen.

Det er heller ikkje meldt om personskade.

Det vil bli oppretta sak på forholdet, og politiet skal vere att på staden for å gjere undersøkingar.

Kommentarer til denne saken