Klokka 11.27 fredag melde Politiets operasjonssentral på Twitter at det brenn i kjellaren på Meieriet pub i Sogndal. Bygget var evakuert.
Alarmsentralen 110 Vest seier til Sogn Avis at det er snakk om brann på eit kjølelager i kjellaren, der det har blitt brygga øl.
– Brannvesenet er framme og melder om full brann i kjølelager, og det er observert røyk på utsida av bygget, sa vaktkommandør Sigurd Hadeland.
Dette viste seg å ikkje stemme. Det har ikkje brunne i kjølelageret.
– Det har vore røykutvikling i ein kompressor, fortel fungerande innsatsleiar Sondre Lillebostad til Sogn Avis seinare.

Les også
Ulykka i Askvoll: Det kunne fort ha gått verre
Les også
Ny trafikkulykke i Askvoll

Les også
Skadestadsleiaren møtte sjølv hjort på vegen under utrykkinga
Les også