Det melde 110-sentralen Vest klokka 19.18 tysdag.

Brekke stasjon rykte ut, og kraftlaget (BKK) vart også kalla ut.

– Vi fekk meldinga klokka 19.12. Det har vore mindre flammar, men det er ingen fare for at det skal spreie seg, ettersom transformatoren står fem meter oppe i ei mast, sa vaktkommandør Stian Kvam hos 110-sentralen Vest litt før halv åtte.

Situasjonen var då under kontroll. Brannvesenet venta då på at BKK skulle kome.

Etter det Firda får opplyst, skal ikkje brannen ha ført til at nokon er straumlause.