Klokka 11.48 fekk politiet inn ei melding om brann i ein traktor på Langelandåsen på Nordfjordeid.
– Brannvesenet kom på staden klokka 12, og starta sløkking umiddelbart, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.
Klokka 12.09 opplyste Vakthavande på Alarmsentralen, Oddbjørn Aune, at sløkkinga av brannen var ferdig.
– Det gjekk relativt for å sløkke brannen, seier Aune.
Traktoren stod i nærleiken av ein driftsbygning. Ifølge politiet var det ikkje fare for at brannen spreidde seg til bygningar eller terreng.
Det er uvisst om det var personar inne i traktoren då brannen starta.
– Det var eit par personar som prøvde å sløkke brannen før brannvesenet kom, men om dei var i traktoren veit eg ikkje, seier Aune.
Det er ikkje klart kva brannårsaka var.