Klokka 08.44 fekk politiet melding om ein brann i ein traktor i Viksdalen i Sunnfjord kommune.
Brannvesenet og politiet reiste til staden.
– Då naudetatane var framme var brannen sløkt. Traktoren skal ha stått inne i ei løe, men vart flytta ut. Det var ikkje fare for spreiing til andre køyretøy og bygningar, seier Jørgen Ommedal, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Han fortel at det ikkje er meldt om nokre skadde.
– Det verkar som det har vore udramatisk, seier han.
Politistasjonssjef ved Førde politistasjon, Dag Fiske, fortel at det er rutine at politi reiser på slike oppdrag.
– Av rutinemessige årsaker opprettar vi sak på hendingar som involverer brann. Det er enno tidleg å seie noko om årsaka, seier Fiske.

Les også
Jørn Kåre skal passe på veg, park og gatelys i Sunnfjord kommune

Les også