Brann i terreng i Sogn – politiet oppretter sak

Politiet oppretter sak etter brann i terreng.

DEL

Klokka 13.22 melde Vest politidistrikt om brann i terreng i Fresvik i Vik kommune.

– Brannen var omtrent 20 til 30 meter frå bustadar i området, sa vakthavande på Alarmsentralen, Benedicte Svardal klokka 13.38.

Svardal fortalde at dei ikkje hadde oversikt over brannen då, og visste difor ikkje om det var fare for spreiing til bustadar.

Naudetatane var på staden, og fekk kontroll over brannen, som dreidde seg om eit bål.

Politiet avslutta på staden, og oppretta sak.

Artikkeltags