Gå til sidens hovedinnhold

Brann i terreng i Gulen

Måndag ettermiddag rundt klokka 17 melder både politiet og 110 Vest om brann i terreng på Byrknes i Gulen.

Det skal vere kraftig vind i området. Brannen skal vere nokre hundre meter frå næraste busetnad, skriv politiet.

Brannvesenet er på veg til staden, melder 110 Vest.

Like etter melder 110 Vest at brannvesenet har kome fram til staden. Dei ser ikkje opne flammar lenger. Brannvesenet etablerer vassverk og startar ettersløkking.

Kommentarer til denne saken