Gå til sidens hovedinnhold

Brann i søppelkonteinar i Bremanger

Alle naudetatane er på veg.

Klokka 12.54 onsdag ettermiddag fekk 110 Vest melding om at det brenn i ein søppelkonteinar ved Elkem i Bremanger.

– Brannen skal vere i ein 20 fots søppelkonteinar, seier vaktkommandør i 110 Vest, Helge Lund.

Han fortel at det ikkje er fare for spreiing til andre bygg, men at det er snakk om opne flammar.

Brannvesen, politi og helse er sendt til staden.

– Dei er snart framme og då får vi meir informasjon om kva som har skjedd, seier Lund like før klokka 13.00.

Firda oppdaterer saka.