110 Vest melde måndag klokka 10.16 om ein brann i sin skorstein i Strynevegen i Stryn. Brannmannskap vart sendt til staden.

Vaktkommandør Tore Fanebust ved 110-sentralen fortel til Firda at brannmannskapet var ferdige på staden klokka 10.52.

Han fortel at brannen ikkje var av det største slaget, og at den også hadde roa seg då brannmannskapet kom til staden.

– Men skorsteinen skal uansett sjekkast seinare i dag av ein feiar, seier Fanebust.