Brann i sildeoljefabrikken i Måløy

DEL

Vest politidistrikt opplyser at dei klokka 20.07 fekk melding om røykutvikling på sildoljefabrikken i Deknepollen.

Brannvesenet er framme på staden, og seier det er mykje røyk. Dei jobbar klokka 20.20 med å undersøke kvar røyken kjem frå.

Det skal ikkje vere produksjon i lokala søndag kveld.

– Det brenn i eit ventilasjonsrør. Omfanget er ukjent, melder politiet.

Det er ikkje meldt om kontroll på brannen, men det føregår klokka 21.15 sløkningsarbeid.. Det er ikkje meldt om personar i området.

– Det er heller ikkje meldt om eksplosjonsfare, melder politiet.

Ulvesundvegen var ei stund stengd som følge av brannen. Den opna igjen klokka 21.40.

Artikkeltags