Brann i næringsbygg i Florø

Av

Brannvesenet måtte rykke ut til Felleskjøpet like etter klokka 12.00 måndag.

DEL

[FIRDAPOSTEN]: Vest politidistrikt meldte dette på Twitter klokka 12.14:

– Naudetatane er på staden, alle personane som var i bygget er meldt komme ut. Det er ein del røyk i bygget, brann sender inn røykdykkarar.

Alarmsentralen opplyste til avisa at det var hos Felleskjøpet brannalarmen hadde gått.

– Det er meldt om brann i ei el-tavle i fjerde etasje. Brann, politi og ambulanse er på staden, og e-verket er på veg. Noko meir enn det veit vi dessverre ikkje på noverande tidspunkt, sa Jan Gunnar Holvik, vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Klokka 12.30 jobba brannvesenet på staden. Det var mykje røyk i bygget, opplyste politiet.

Klokka 14 var brannen sløkt. Alle dei tilsette vart evakuert då brannalarmen gjekk, og ingen vart skadde.

Artikkeltags