Gå til sidens hovedinnhold

Brann i lastebil i Lærdalstunnelen – tunnelen har opna

Brannen er sløkt og bergingsarbeidet har begynt.

Vegtrafikksentralen meldte like etter klokka 07.00 onsdag morgon at det er røykutvikling i Lærdalstunnelen på E16. Røykutviklinga kjem frå eit større køyretøy.

Terje Birkeland ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane fortel til Firda at det har vore litt flammar i ein lastebil med hengar inne i tunnelen. Det er eit utanlandsk køyretøy.

– Sjåføren har sjølv klart å sløkke brannen, og brannvesenet er på staden no, seier han.

Lastebilen er to kilometer inn i tunnelen i retninga frå Aurland. Det er ikkje meldt om personskade, melder politiet på Twitter. Tunnelen er stengt og bergingsbil er på veg.

Frode Kolltveit i Vest politidistrikt fortel til Firda rundt 08.30 at brannen er sløkt.

– Det har vore nokre opne flammar og røyk. Heldigvis var det ikkje så dramatisk som det kan vere med brann i tunnel.

Bergningsbilen er framme på staden og arbeide med å få lastebilen ut av tunnelen har begynt, opplyser trafikkoperatør Kjetil Løvås. Han vil likevel vere forsiktig å fortelje når tunnelen opnar igjen.

– Det kjem an på om vi må gjere etterkontroll av tunnelen etter lastebilen er ute, men vi vil opne så fort som mogleg, seier han.

Han fortel at det har begynt å danne seg kø på begge sider av tunnelen.

Klokka 0846 melder politiet at tunnelen opnast opp og at vogntoget no er henta ut. Bilføraren, ein mann i 30-åra, blir tatt med inn til lensmannskontoret for avhøyr.

Kommentarer til denne saken