Operasjonssentalen i Vest politidistrikt melde laurdag føremiddag at naudetatane var på veg til ein brann i eit eldre trehus på Sande.
– Det brenn i takkonstruksjonen, men huset skal ligge slik til at det ikkje er fare for spreiing til andre bygg, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund til Firda.
Ingen var sakna, og alle i huset var komne ut då meldinga om brannen vart tvitra.
110 Vest melde også at det brann i og rundt pipa på huset.
Ifølgje innsatsleiar for brannvesenet er brannen no sløkt. Denne meldinga skal ha komme til 110 Vest klokka 11.06.