110 Vest fekk melding frå ein privatperson om brannen klokka 10.03.

– Ein forbipasserande ringde og sa at det såg ut som det brann ved ein mur ved eit bustadhus i Dale. Det viste seg at det var brann i ein elektrisk leidning. Brannvesenet kom på staden, og brannen er no sløkt, seier vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge ved 110 Vest.

Brannvesenet har vore inne i huset og sjekka at alt er i orden, huseigar er kontakta og BKK har vore på staden for å sjekke leidningsnettet.