Ein personbil skal ha tatt til å brenne i området ved Lavik ferjekai i Høyanger.
Brannvesen og politi reiste til staden.
Helge Lund, vaktkommandør i 110 Vest seier at bilen skal var om lag fem kilometer frå ferjekaia, i retning Vadheim.
– Bilen står litt utanfor vegbana på E39, seier Lund.
Vaktkommandøren fortel at det vart brukt pulverapparat på brannen før brannvesenet kom til staden. Klokka 13.07 melder 110-Vest på Twitter at brannen er sløkt.
Brannen vart først meldt inn til sentralen klokka 12.52.
Trafikken flyt forbi.
Har du tips eller bilde? Send e-post til redaksjon@firda.no eller tips oss her.