Onsdag kveld klokka åtte fekk politiet melding om ein bilbrann i Svelgen.

Bilen skal stå like ved ambulansestasjonen.

Politiet skriv på Twitter at det er snakk om eit lite branntilløp, utan fare for spreiing.

Naudetatane rykte ut til staden.

110-sentralen Vest melder fire minutt over åtte at brannvesenet er på staden.

– Ingen brann no. Kontroll på staden, skriv dei på Twitter.