Gå til sidens hovedinnhold

Bortkomen 8-åring i Nordfjord funnen etter leiteaksjon

Frivillige organisasjonar og luftambulanse var med i søket.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde søndag ettermiddag om ein leiteaskjon i Nordfjord, på fjellet Børahornet i Vågsøy.

Det vart leita etter ein 8 år gamal gut som hadde komme bort frå turfølget sitt.

Frivillige organisasjonar og luftambulanse vart kalla ut for å bistå i leiteaksjonen.

Seinare melde operasjonssentralen om at leiteaksjonen vart kortvarig.

Klokka 17.28 var guten komen til rette på ein sti i området. Han skal vere i god form og har ikkje behov for helsetilsyn. Guten vert gjenforeina med familien sin, melder politiet.

Les også

Helikopter og leitemannskap kalla ut: Sakna gut kom gåande rett på politiets innsatsleiar