– Eg har hatt eit kjedeleg liv, bedyra Vidar Djupvik då han gjesta podkaststudio på Firdabygget. Men det er ikkje akkurat sanninga. Utstopparen frå Jølster har nemleg mange gode historier å by på.

Mellom anna då han stod ansikt til ansikt med eit fly forbanna villsvin i Kroatia. Og det er dyr du ikkje spøkar med, akkurat. Støyttennene kan gjere stor skade.

– Vi fekk utlevert ei børse, før vi vart plassert ut på post. Etter ei stund kom to villsvin. Eg skaut på det eine, og skulle ta eit skot til då det kilte seg, seier Djupvik.

Ein snartenkt jølstring fekk patrona kjapt ut av kammeret, før ein ny patron vart lagt inn att.

– Og når eg ser opp, kjem dyret mot meg. Så då vart det eit skot frå hofta. Ho var på full fart mot meg, og var berre to-tre meter framføre meg, seier han.

Heile vekas podkast kan du sjå heilt øvst i artikkelen.