Kinesarar har kjøpt 40 prosent av Brødrene Aa

Bilde frå signeringsseremonien. Sitjande fra venstre Leif Riksheim (Styreformann i Brødrene Aa AS) Tor Øyvin Aa  (Styreformann i Brødrene Aa Eiendom AS) og Leng Buli  (Deputy GM i Chu Kong Shipping Enterprices Co.)

Bilde frå signeringsseremonien. Sitjande fra venstre Leif Riksheim (Styreformann i Brødrene Aa AS) Tor Øyvin Aa (Styreformann i Brødrene Aa Eiendom AS) og Leng Buli (Deputy GM i Chu Kong Shipping Enterprices Co.) Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Hong Kong basert selskap har kjøpt 40 prosent av båtbyggeriet, og bygger nytt verft i Kina.

DEL

Hong Kong baserte Chu Kong Shipping Enterprises har gjennom eit dotterselskap kjøpt 40 prosent av båtbyggarselskapet Brødrene Aa. Det kjem fram i ei pressemelding frå Brødrene Aa AS måndag.

Salet av 40 prosent av aksjane i selskapet blei signert 16 desember.

Bygger anlegg i Kina

I pressemeldinga skriv Brødrene Aa at investeringa inkluderer ei avgjerande privat plassering av aksjar i Brødrene Aa, noko som gir selskapet ein solid finansiell muskel for vidare utvikling.

Brødrene Aa AS:

  • Brødrene Aa er eit båtbyggeri i Hyen i Gloppen. Selskapet blei etablert i 1947 av brørne Bertel og Olav Aa.
  • Båtbyggeriet bygger no hurtiggåande båtar i karbonfiber til bruk både i Norge og for eksport.
  • I perioden 2001 til 2011 har Brødrene Aa levert 27 karbofartøy.

Kjelde: Wikipedia

Økonomi (tal i heile tusen):

 20142013
Sum inntekter256 484203 270
Eigenkapital29 63333 548
Driftsresultat23 96715 585
Resultat før skatt24 56116 202

Kjelde: Ravninfo

Chu Kong Shipping Group vil saman med tilknytte selskap, bygge nye verftsanlegg på fastlandet i Kina. Det skal der utrustast og byggast karbonfiberfartøy basert på Brødrene Aa-teknologi.

I pressemeldinga kjem det vidare fram at Brødrene Aa også vil etablere eit selskap i Hong Kong, som saman med Brødrene Aa i Norge vil ta seg av marknadsføring, sal og prosjektering.

Samarbeidet mellom partane har allereie starta med skipskontrakter og bygging av to katamaranar.

Tor Øyvin Aa, dagleg leiar Brødrene Aa i Hyen.

Tor Øyvin Aa, dagleg leiar Brødrene Aa i Hyen. Foto:

– Styrker konkurransekrafta

– Transaksjonen stadfestar styrken i Brødrene Aa-teknologien, kunnskapen og kompetansen i selskapet. Ein stor marknad og auka kapasitet vil styrke konkurransekrafta til verfta, og kan optimalisere dei konkurransemessige fordelane mellom verfta i dei to landa, skriv selskapet.

Tidleg i desember fekk Brødrene Aa ei ny storkontrakt med Boreal Transport. Kontrakten har ein verdi på mellom 140 og 150 millionar kroner. Og med desse i boks er ordrebøkene for 2016 fulle, og verftet i Hyen er også i gang med å fylle opp for 2017.

Artikkeltags