Stem fram vinnaren

Vinnaren av Barnegåva skal no kårast, og åtte finalistar er plukka ut. Du kan vere med på å stemme fram kven som får teikninga si som skulptur i parken.

Vinnaren av Barnegåva skal no kårast, og åtte finalistar er plukka ut. Du kan vere med på å stemme fram kven som får teikninga si som skulptur i parken. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Ein av åtte utvalde barneteikningar blir skulptur i parken i Førde. Du er med på å bestemme kva for ei. Sjå teikningane til finalistane .

DEL

I konkurransen «Barnegåva» er åtte finalistar no valde ut blant heile 223 barneteikningar. Dei åtte kjempar om å få teikninga si realisert som skulptur i parken ved Festplassen i Førde neste år.

- Vi må sjå oss strålande nøgde med den gode responsen vi har fått, seier Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Barn i eit stort aldersspenn har sendt inn 233 bidrag, og juryen har no plukka ut åtte finalistar.

Oppdrar folk til å stemme
Fidjestøl oppfordrar no folk til å stemme på den teikninga dei vil skal bli realisert som parkskulptur til neste år.

Sjå teikningane til finalistane her: Finalistane Barnegåva

Avstemminga skjer på Firda nett, og juryen vil ta denne avstemminga med i vurderinga når dei skal kåre den endelege vinnaren.

- Kva publikum har å seie om saka er vi svært interesserte i, seier Fidjestøl. Han fortel at bidraga har vore mange og gode, og at juryen difor har hatt ein stri tørn med å få talet ned i åtte finalistar.

- Det har vore veldig mange gode kandidatar, og det har til tider vore hjarteskjerande å velje vekk nokre av dei, seier Fidjestøl. Han fortel vidare at dei i vurderinga ikkje berre har lagt vekt på sjølve teikningane, men like mykje på ideen bak.

- Finalistane vi har plukka ut, er alle originale, og var laga slik at ein lett kunne sjå for seg det ferdige produktet. Dette er jo tenkt å vere ei gåve til heile byen, og vi var opptekne av å skape noko heilt nytt, som også er tru mot det vinnaren har teikna, seier Fidjestøl.

Ferdig i 2013
Folk har no moglegheit til å gi si stemme fram til 22. november. Etter at vinnaren er kåra, ser Fidjestøl fram til å komme i gang med realiseringa av prosjektet så raskt som mogleg.

- Det er fantastisk å vite at ein gong vil eit barn kunne gå i parken i vaksen alder og klappe på skulpturen og seie «denne har eg laga», seier kultursjefen, som fortel at det også er viktig for dei at prosjektet skal kunne stå ferdig i 2013, slik at dei som har vore med i konkurransen skal få sjå resultatet medan dei framleis kjenner seg knytte til det.

Han har også ein visjon om at utforminga av skulpturen skal gjerast av lokale handverkarar eller lokale kunstnarar.

- Vi oppfordrar difor desse til å vurdere finalistane og å komme på bana. Om dei ser at nokre av desse prosjekta kan realiserast av dei, er vi svært interesserte, seier Fidjestøl.

Artikkeltags