– Løver kan ikkje fly gjennom vindauge

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Vi er tre sleipe karar som reiser rundt med songar vi har laga sjølv. Som til dømes «Mikkel Rev» og «Bæ, bæ, Lille Lam», seier Mikkel, Bjella og Flua med ei t lurt smil om munnen.

– Og så spelar vi jo også for å feire at det er 200 år sidan vi laga Grunnlova. Vi var ganske små, den gongen, i 1814, seier Flua.

– Det stod ingen stad at det ikkje var lov å spenne bein. Så då sette vi oss ned, vi reverockarar, og skreiv lover slik at vi fekk ordna opp i det. Så no er det ikkje lov å vere slem og spenne bein.

Grunnlovsshow

Bak Mikkel, Bjella og Flua i Mikkel og reverockerne skjuler det seg tre karar. Øyvind Gravdal, Jon Bjørnstad og Øyvind Fossheim.

Trioen reiser rundt med showet om Grunnlova i heile Norge, og spelte på Solvang Barnehage og Hatlehaugen Barnehage i Førde fredag.

– Vi reiser rundt for å feire Grunnlova saman med borna. I tillegg til nokre av dei klassiske barnesongane, spelar vi 17. mai-songar som «Norge i Rødt, Hvitt og Blått» (eller grønt, svart og kvitt, som vi syng til store protestar frå borna), «Vi er en nasjon vi med» og «Kom Mai, Du Skjønne, Milde»

– Veit borna kva Grunnlova er, då?

– Tja, dei veit det kanskje litt betre etter denne konserten, det er iallfall det som er målet, seier karane.

Mikkel og reverockerne spelar fleire stader i Sogn og Fjordane framover våren.

Løve gjennom vindauget

– Eg synest det var morosamt då dei song om ei løve som flaug gjennom vindauget, seier Anna Mikalsen Walaker (4). Ho og Deka Abdullahi (3), Anette Waltersvik Styve (4), Alma Schanke Rivedal (4) og Ella Sofie Nyhammer Vallestad (4) er samde om at det var gøy å få besøk av Mikkel og Reverockarane.

– Men det går ikkje an at ei løve flyg gjennom vindauget. Ikkje ei krokodille heller. Det er berre blåfuglar som kan flyge gjennom vindauget, seier jentene.

– Og sommarfuglar. Og ørner, legg dei til.

Artikkeltags