– Mange gløymer at dei framleis er foreldre etter skilsmissa

ARRANGØR: Irene Havn (56) er leiar for Familiekontora i Førde, der det snart skal vere kurs.

ARRANGØR: Irene Havn (56) er leiar for Familiekontora i Førde, der det snart skal vere kurs. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Familiekontora jobbar for ein betre kvardag for born med skilte foreldre, og det er hos dei vaksne løysinga ligg.

DEL

– Vi ser at det er utruleg viktig for foreldre å få eit godt nok samarbeid etter samlivsbrot. Mange opplever skilsmisse som ei krise, og ein kan ha vanskeleg for å verkeleg «sjå» den andre parten og ungane. Vi prøver derfor å gjere folk merksame på kva som faktisk skjer, korleis barna har det og kva kjensler ein har sjølv. Fokuset er på kva ein kan gjere og moglege løysingar, vi har ingen stor diskusjon om kva ekspartnar held på med, seier Sæbø.

Om ein månad arrangerer Familiekontora for Sunnfjord og Sogn kurs for foreldre som har opplevd samlivsbrot. Kurset blir halde av familieterapeutane Kristin Eimhjellen og Ann Kristin Sæbø. Eimhjellen jobbar ved kontoret i Førde, medan Sæbø til dagleg jobbar ved kontoret i Sogndal. Begge har lang erfaring med familiar i oppløysing.

Viktig å snakke saman

Familiekontora for Sunnfjord og Sogn er ein del av Barne-, ungdoms- og familie- etaten. Hovudoppgåvene deira er å hjelpe familiar som opplever utfordringar i samspelet i alle livsfasar.

Tilbodet er mellom anna familiesamtalar, parsamtalar, individuelle samtalar med barn og vaksne, og foreldrerettleiing. Vidare er det ein time obligatorisk mekling for foreldre med barn under 16 år etter lova, med inntil seks ytterlegare frivillige timar. Dei held også kurs, blant anna Framleis Foreldrekurset.

– Vi er eit lågterskeltilbod og alle som opplever vanskar i familien, kan komme innom eller ringe for å bestille time. Det å oppleve utfordringar i familielivet er vanleg, og vi ønsker at folk søker hjelp på eit tidleg stadium slik at vanskane ikkje blir fastlåste. Ein samtale kan ofte løyse opp i ting, og førebygge større vanskar, seier Irene Havn, leiar for Familiekontoret i Førde.

Lærer av kvarandre

Kurset har vore arrangert fleire gonger i regionen, om lag ein gong i året, nokre gonger med tilpassingar grunna få deltakarar. For å halde kurset treng dei åtte påmelde.

– Det er litt vanskar med å arrangere kurs i Sunnfjord. Eg trur det har med folketettleik å gjere, det blir vanskeleg for nokre med lang reisetid. Kultur kan også vere med å påverke det, mange er nok ikkje vande med å møtast i grupper og snakke om slikt, seier Sæbø.

Førre gong dei skulle arrangere, var det ikkje nok påmelde til kurset. Då heldt dei eit lynkurs på berre ein kveld.

– Vi fekk gode tilbakemeldingar, men det er ikkje optimalt. Når vi har større kurs kan vi ha diskusjon, oppgåver, og nokre litt meir engasjerande metodar. Det er mykje å lære av dei andre på kurset, det skal ikkje berre vere monolog frå podiet, seier Sæbø.

Vanlegvis kjem det om lag like mange menn og kvinner, dei fleste med barn i alderen der dei går på barne- og ungdomsskulen. Påmeldingsfristen for kurset er 14. februar, og av praktiske grunnar tillèt dei ikkje ekspartnarar på same kurs.

Artikkeltags