Solsida Barnehage på Haugum i Førde fekk totaloverhaling

    Og det er også ei ny avdeling på Haugum barnehage der desse sjarmtrolla høyrer heime.

    Artikkelen er over 4 år gammel

    – Før var det så trongt her at vi nesten måtte ha foreldresamtaler på toalettet, seier styrar Elin Hagen.

    DEL

    No, derimot, har Solsida Barnehage avdeling Haugum blitt totalrenovert. Dei har fått ny isolasjon, vindauge, bordkledning, kjøkken,   moderne standard og ikkje minst; meir plass til alle. Inklusiv samtalerom til foreldre og born som treng å ha det stille. I tillegg er det no meir tilrettelagt for mindre grupper, slik at støy og stress minkar sterkt.

    Nøgde foreldre

    – Endeleg. Dette er kjempepositivt. Det vore snakka om i mange år, og no er det kjekt å komme til «ny» barnehage, seier Liv Janne Bell Jonstad som er foreldrerepresentant og har to born i barnehagen.

    Inneklima

    Som ein følge av oppgraderingane har inneklimaet blitt sterkt betra, og dei tilsette har og fått rom til eigne arbeidsplassar. Ifølge styraren er dette den første store oppgraderinga sidan barnehagen var ny for 35 år sidan.

    – Det er nok ikkje mange bustadar som har stått så lenge utan oppgradering, seier ho.

    Utandørs

    Uteklimaet kan ein ikkje gjere så mykje med, men barnehagen har likevel fått auka leikeområdet sitt ved at dei har kjøpt ei nabotomt og stengt av ein gangveg som tidlegare gjekk tvers gjennom barnehageområdet.

    – Vi opplevde ofte framandfolk på området vårt, og plutseleg stod portane opne, seier Hagen, og legg til at det er godt å sleppe det.

    Ikkje større

    Sjølv om arealet har auka, er barnehagen framleis like stor når det gjeld tal plassar. Dei har to avdelingar på 18 born og ei avdeling på 9 born. Nytt er det derimot at avdelingane har fått namn etter planetane.

    – Det er ein planet som har gass i seg! svarar fem år gamle Kaja når eg spør kva Saturn er for noko.

    Artikkeltags